
MIFF Hallingdal: Hans Rustad – Kan det nokon gong bli fred i Midtausten?
MIFF Hallingdal inviterer til ope møte på Ål med Document-redaktør Hans Rustad. Velkomen til ein kveld med fokus på brennaktuelle spørsmål om situasjonen i Israel og verda kring.
Om arrangementet
Me har gleda av å få besøk av Hans Rustad, ein markant samfunnsdebattant og redaktør, som vil ta føre seg dei store tryggingspolitiske utfordringane i Midtausten i dag.
Tema for kvelden: «Kan det nokon gong bli fred i Midtausten?» Om Iran, Israel-USA og Europa.
Rustad vil mellom anna kasta lys over det eksistensielle spørsmålet: Kan den jødiske staten overleva utan støtte frå USA? Dette er eit tema som krev både historisk innsikt og forståing for dagens politiske røyndom.
Praktisk informasjon
Dato: Tysdag 21. april
Tid: Klokka 19:00
Stad: Evjens Minne
Adresse: Torget 4, Ål
Servering og utlodding
Det blir gratis inngang for alle frammøtte. Me serverer kaffi og kaker, og det blir høve til ein god prat kring borda. Det blir òg skipa til utlodding i løpet av kvelden.
Vel møtt til ein lærerik og engasjerande kveld!
Møteansvarleg: Hallgrim Berg
