
MIFF Vest-Telemark og MIFF Midt-Telemark og omegn: Mahmoud Farahmand: «Konflikten mellom Israel og Iran» (Årsmøte)
Ope møte og årsmøte i MIFF Vest-Telemark og MIFF Midt-Telemark og omegn
MIFF Vest-Telemark og MIFF Midt-Telemark og omegn inviterer til eit aktuelt ope møte i Seljord, følgt av årsmøte.
Mahmoud Farahmand: «Konflikten mellom Israel og Iran»
Vi har gleda av å få besøk av stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand. Han vil belyse det komplekse forholdet mellom Israel og Iran, eit tema som er meir aktuelt enn nokon gong i dagens tryggingspolitiske bilete.
Praktisk informasjon
Tid: Måndag 20. april kl. 18.00
Stad: Rokk Kafe, Vekanvegen 4, 3840 Seljord
Inngang: Gratis tilgjenge. Det blir enkel servering.
Sakliste for årsmøtet
Etter føredraget gjennomfører lokalforeiningane dei formelle årsmøta med følgjande sakliste:
Innkalling
Godkjenning av sakliste
Val av:
a) Møteleiar
b) Referent
c) To medlemmer til å skrive under protokollen saman med møteleiar
Årsmelding for 2025
Rekneskap og revisor si melding for 2025
Avgjerd om ansvarsfridom for styret
Behandling av innkomne saker
Val av:
a) Styre
b) Revisor
c) Delegatar og varadelegatar til MIFF sitt landsmøte
Vel møtt til ein lærerik kveld!
