MIFF Hallingdal: Fest for Israel på Ål
FEST FOR ISRAEL PÅ ÅL 7. MAI
Det gjenoppretta Israel rundar 75 år i vår. Sundag 7. mai kl. 18 inviterer MIFF Hallingdal til open fest på Evjens Minne. Det blir ikkje berre israelsk mat med falaffel, smårettar og stor marsipankake, men eit spanande program om det som faktisk er oppnådd sidan 1948, og informasjon og tankar om kva som kan vera i emning.
Til dette jubileet får me storfint besøk frå Den israelske ambassaden i Oslo (med tolk). Appell (energisk!) ved Jens Jorde. «Visste du at …» (info-stafett om Israel ved Sigrun M. Thorsen, Ida Marie Holen og Hanne Chr. Øvrejorde). Helsingar frå kyrkje, kristne organisasjonar og andre.
Allsong og hardingfelespel. Trekningar (opptil fleire) på inngangsbilletten.
Velkomen til alle interesserte! Sjå annonse laurdag 29. april.
MIFF Hallingdal
Styret v/Hallgrim Berg, sekr.