Når Kari og Ola skal på tur til andre land, er det fire grunnleggjande spørsmål dei stiller: Er det noko å sjå der? Er det sol? Er det god mat og drikke der? Er det trygt?
Etter mange år med utforsking av landet, samfunnet og reiselivsproduktet Israel – og med samanlikningar frå andre reisemål – kan me slå fast følgjande: Israel i slutten av april er den perfekte staden for dei som vil ha eineståande opplevingar i vakre og trygge omgjevnader!

På denne tida er det vår i Israel, men for oss besøkande frå nord er det sommar – garantert solskin og passe varmt – med eit par og tjue grader på høgdedraga i Jerusalem, nokre hakk varmare på stranda i Tel Aviv, dugeleg varmt nede ved Dødehavet, men med svalande vinddrag oppe på Golan. Difor heiter turen: «Nyt forsommeren i Israel.»
Og kven er så desse «me» eller «vi» som inviterer? Det er Mette Johanne Follestad (49) og Hallgrim Berg (72), som meiner at alle oppegåande menneske – med interesse for kulturarv, historie, samtid og framtid – bør ta seg tid til å besøke dette fantastiske landet minst ein gong i livet. Begge har tilknyting til MIFF og brukar av fritida si for å lose interesserte gjennom 10 – 11 innhaldsrike dagar. MIFF er samarbeidspartnar, men turen er open for alle – anten ein er medlem eller ikkje.

– Det er ei heilt spesiell stemning ved å vera i Israel. Det å kunne gå rundt og ‘ta på’ og ‘være i’ verdenshistorien, er utrolig sterke opplevelser! Tenk deg å sitte i Getsemane-hagen, å være om bord i båt på Genesaretsjøen, å høre kjente tekster fra Bibelen om hendelser som fant sted akkurat der du befinner deg. Oljeberget, Via Dolorosa, Golgata, Gravhagen, Israel Museum, Independence Hall, dokumentasjonssentrene over Rabin og Begin sine livsverk, informative møter hos Palestinian Media Watch, bussturer til Haifa og Caesarea ved Middelhavet, spasering langs mosaikken ved veddeløpsbanen til Herodes, det yrende folkelivet i basarene i Jerusalem, tipp-topp moderne kjøpesentre i Jerusalem og Tel Aviv, Israel som stormakt innen medisin, miljø og høyteknologi. Mulighetene for gode opplevelser er svært mange, seier Mette.

Kva gjer mest inntrykk? Hallgrim held ein knapp på «komitemøte» med kjente politikarar i Knesset. Eller omvising oppe på det dramatiske Massada? Eller kibbutz-besøk med ein leksjon om korleis ørkenen kan bli fruktbar gjennom vatning og vilje til arbeid, eller gardsbesøk blant modige vindyrkarar på Golanhøgdene, med utsyn til eit snøkledd Hermon? Eller er det den bivrande spenninga ved å passere portar som skil ulike kulturar og levemåtar så klart? Ingen annan stad på jorda kan ein møte tre verdsreligionar med berre nokre meters fråstand!

Ja, og for ein overraskande kontrast, legg Mette til, når gruppa – midt inne i stimen og ståket i Gamlebyen – går rett inn ei plankedør og kjem inn i «oasen» Austrian Hospice, der blide nonner står klare og viser vegen til ein heimelaga lunsj i ein kjøleg og stille restaurant under jorda!
Både i Galilea, Jerusalem og Tel Aviv plukkar reisearrangøren ut sikre hotell med høg komfort og bugnande matbord.

Det å vera turist i Israel – i samarbeid med lokalt jødisk reiseselskap, arabisk sjåfør og norsktalande guide – er såleis det næraste ein kan koma trygg reise, nokon stad!
- Det er turoperatøren Plussreiser AS som arrangerer turen. Klikk på denne lenken for å se programmet og bestille plass.