Kan ein forstå og uttale seg om Israel og konfliktane i Midtausten – tenkjemåte, religion og politikk – utan å kjenne til historia om jødefolket ?
Torsdag 25. september inviterer MIFF Hallingdal til møte med Arvid Bentsen, ein framståande Israel-kjennar. Bentsen samlar fulle hus kysten rundt, i alle slag religiøse og ikkje-religiøse forsamlingar. Han har store kunnskapar og ei eiga evne til å få innhaldet klart fram. Han må kort og godt opplevast!
Møtet blir halde i det nye Øyni konferansesenter ved Torpomoen i Ål. MIFF Hallingdal har leigd storsalen og satsar på godt frammøte denne kvelden, der huseigar vil ønskje velkomen over ein kopp kaffi og wienerbrød, og der folk òg kan få sjå seg rundt i det imponerande nybygget.
Inngang kr 150.- (inkl.kaffi/kake)
Kontakt: Hallgrim Berg, sekr.
91 55 14 55