Bli en aktiv Israel-venn nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai for å høre svært aktuelle foredrag. Vær rask med påmelding, begrenset antall plasser.

MIFF Hallingdal laget storstilt fest for Israel på Nesbyen

Marit og Knut Renslemo i en liten pause ved festbordet før gjestene ankom. (Foto: Privat)
Marit og Knut Renslemo i en liten pause ved festbordet før gjestene ankom. (Foto: Privat)
MIFFs lokallag i Hallingdal arrangerte 70-årsfest for Israel onsdag 6. juni.

Her følger Hallgrim Bergs referat fra festkvelden, slik det ble sendt til lokalavisen Hallingdølen.

 

ISRAEL-SUKSESS PÅ NESBYEN

For tredje gong på tre tusen år er Israels folk no sjølvstendig og uavhengig på sitt eige landområde, men dei må kjempe for livet og leveretten kvar einaste dag, då antisemittismen stadig er lys levande. 70-årsdagen for den gjenoppretta staten Israel vart markert med eit kulturarrangement på vakre Hallingdal Museum onsdags kveld, der det lokale Med Israel For Fred stod for opplegget.

Sommarvêret var det aller beste; det var ikkje å undrast at Øyvind Brabant opna programmet med springaren «Godvêrsdagen» på hardingfele. Thorleif Stave drog godt på med eigne slåttar på torader, bl.a. «Stave-olda». Jens Jorde la ut om klenodiet Staveloftet, og segna om jenta som overlevde Svartedauen der.

Hanne Christine Øvrejorde gav eit tankevekkjande oversyn over Israels lange historie, frå Saul og kongedømet som var etablert alt to tusen år før det norske, fram til dagens moderne samfunn. Bodil Haug framførte vakker-vemodige tonar etter nesningen Truls Tørrisplass og andre kjelder i dalen.

Ein uvanleg klar og poengtert jubileumsappell for demokratiet Israel vart halden av Jostein Sandsmark. Kjem han snart i avisa? «Sekretær Berg» følgde på med ferske augeskildringar frå Sderot, byen like ved grensa til Gaza, der folk har 14-15 sekundar på å koma seg i dekning når rakettalarmen går. Dei «fredelege» demonstrasjonane, organiserte og av terrororganisasjonen Hamas, er slett ikkje fredelege når grensegjerdet vert mørklagt med svart røyk, prøvt sprengt og trakka ned, medan tusenvis unge menn, utstyrte med kniv og kjøtøks, står klare for storming av næraste grend og by. Einaste bremse er IDF. Siste nytt frå dei fredelege er å setja fyr på israelske gardsbruk og åkrar med brennande drakar luftvegen. 275 registrerte brannar hittil, hundrevis av mål avsvidd (enno ikkje nemnt i større media her heime).

Men så kom kveldens høgdepunkt, med bordsete i det staselege Tandberg-bygget. Vår kasserar og kokk, Knut Renslemo, inviterte til middag. Meny: Lammesteik, koriander og aprikosesaus, følgt av diplomatpudding og kaffi. Saman med Marit hadde dei to på førehand òg lagt ned eit stort arbeid med planlegging, påmelding og pynting til festen. MIFF Hallingdal hadde ikkje råd til blomar, men Knut fekk som «løn» lov til å framføre sin kjæraste salme som solosongar! Middagen vart elegant leia av Ida Marie Holen.

Neste møte i MIFF Hallingdal. der me skal dokumentere jødehat og organisert hjernevask i palestinsk barne-TV, blir i Ål kulturhus 6. november.


Kan du hjelpe på én eller flere måter?

  1. Bli medlem (fyll ut skjemaet under)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel.
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Denne artikkelen kan du lese gratis på grunn av over 13.000 MIFF-medlemmer og andre frivillige givere. Men vi trenger støtte fra mange flere nå!

Gi gave her eller Vipps 39881

Bli medlem ved å fylle ut skjemaet under og trykk «send»!

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart