MIFF-medlem Trond Thorsen har skrevet dette nye notatet med kritiske merknader om NRKs dekning. Se også hans fem siders klage til Kringskastingsrådet i mai 2024.
NRK og det norske jødehatet
Sist november var vi med på ei snublesteinsvandring i ein liten norsk by til minne om norske Holocaustoffer. Politiet fann det nødvendig å halde vakt – ei tankevekkande oppleving, og med nok ein Holocaustdag markert 27.januar med dei rette orda frå dei rette prominensane reiser spørsmåla seg:
Har t.d. NRK som vår tyngste medieaktør noka form for påverknadskraft? I så fall – kan det tenkjast at NRK ved utval og presentasjon av stoff frå Midt-Austen har noko å seie for at vi har vorte eitt av dei mest jøde-fiendtlege land i Europa? (Jf. Haaretz 011124 og Aftenposten 261124 og 270126, H. Stanghelle.) Etter månader med registrering og systematisering er spørsmålet mitt: Kor etterretteleg er NRK? Kva ansvar har NRK for det veksande hatet mot jødar i Noreg? Etter fyrsteinntrykket av eit forferdeleg Israel, ser ein ofte faktorar som skurrar. Eit mønster avteiknar seg.
Eit tidlegare notat frå meg fekk eige saksnr. i Kringkastingsrådet 180424. Falkenberg Mikkelsen valde der å forklara arbeidsmetodane i NRK generelt utan realitetsbehandling av dei ca. 30 punkta. Utan å dvele ved dét skal likevel nemnast to punkt som tidleg synte trenden:
161123 Dagsrevyen: Prisvinnande Wolasmal gjorde eit skup: I eit intervju med Hamas-topp Osama Hamdan blir denne pressa til å vedgå at målet er å utslette Israel. Så skjer det utrulege; Wolasmal bagatelliserer fråsegna i innslaget etter: Ho var retta internt, og Hamdan meinte eigentleg ikkje kva han sa!
010124 Dagsrevyen: Huslause i Gaza ved eit varmande bål blir snedig kopla med eit rakettåtak. Inntrykket er skapt, men sjekkar du, ser du at åtaket er mot ein israelsk by frå Gaza.
Så til ferskaste registrering:
Hungersnaud
090425 Nyhetsmorgen: Lindis Hurum, ‘Leger uten grenser’, kjem med siste versjon av sine mange åtak på Israel. Ny punchline denne gongen: «Ikke så mye som en Paracet har kommet inn til Gaza på 5 uker.» Ei knakande god setning, meiner nok Hurum, for ho brukte ho mange gonger etterpå i media. Men:
020425 Dagsrevyen: Berre éi veke før sender NRK ein reportasje om skrekkforholda i Gaza der du i bakgrunnen uforvarande får sjå to unge karar slentre nedover gata med kvar sin is i handa. Ikkje ein Paracet inn?

020525 Dagsrevyen/030525 nrk.no: Ein avmagra 5-åring, Osama al-Raqab, med utståande kinnbein gir deg tydelege assosiasjonar. Du har sett det før: 1945, Auschwitz. Redd Barna uttalar: Eit dødsfengsel! Men mor ser da frisk ut? Barnet er sjukt frå før, noko NRK veit. Likevel bruker NRK filmklippet til å underbyggje påstanden om hungersnaud i Gaza. (Han vart elles evakuert av Israel til Italia for behandling.)
210525 Dagsrevyen: Folk prøver å få tak i mat, men folka i bakgrunnen syner ikkje interesse for den ettertrakta vara. Barth Eide får utan motførestillingar hevde: «Nå står det om timer.» Hallvard Sandberg fortel i same revy: «Det finnes mat i Gaza. …Det er en aktiv svartebørs der mye kan kjøpes dyrt. Veldig dyrt.» Kan Israels påstand stemme: Hamas stel hjelpeforsyningar og sel dyrt på svartebørs for å sikre seg inntekter?
020525 Pressemelding, Wafa, PA sitt nyheitsbyrå: President Abbas stadfestar Israel sin versjon om at Hamas stel matforsyningar for eiga vinning. Nemnde NRK dette?
Har du lagt merke til at mange av videoane av matkøar har ein vinkel så vi berre ser dei fremste i køen eller, som nemnt over, folk i bakgrunnen ikkje er interesserte?
030825 Velrenommerte Süddeutsche Zeitung (saman med Bild) avslørte grunnen: Den mykje brukte Gaza-fotografen Anas Z. Fteiha har arrangert bilete og stilt opp folk i falsk liksom-matkø. Han jobbar for det tyrkiske byrået Anadolu, direkte underlagt Erdogan. Tyrkia er ein støttespelar for Hamas. Høyrt frå NRK om dette?

Drap i matkø
010625 Søndagsrevyen: NRK hevda for fyrste gong at folk i matkø i Gaza vart skotne av israelske soldatar. Britiske Skynews var ærlege nok til å sende opptak same dag som synte at det slett ikkje var IDF som skaut, men folk av eit heilt anna slag…
NRK gjentok i tida etter stadig at IDF skaut på folk i matkøane ved dei nyoppretta sentera. Merk! Det er ikkje vist eitt einaste opptak av IDF som skyt direkte på sivile i matkøar. Det er elles rikeleg av videoar frå enklaven. Lakmustesten er: Kven hadde all interesse av å få dette systemet til å kollapse? Men NRK formidlar utan atterhald Hamas-versjonen.
180625 Dagsrevyen: Opplesar I. Stenvold: «…da Israelske soldater i dag nok en gang skjøt mot folk som sto i matkø.» «I går blei nesten 60 personer drept i skyting mot en matkø i Khan Younis.»
NRK fastslår dette som uomtvistelege fakta. Slikt fyrer dei opp ein alt skremmande jødefiendtleg opinion.
210625 Al Hayat al Jadida(offisielt PA-presseorgan): Redaktøren kjem med oppsiktsvekkande åtak på Hamas. Han fordømer dei for å skyte på folk som prøver å hente mat frå dei israelsk-amerikanske sentera: «Dette er den avskyelige virkeligheten, og dette er Hamas, … – ikke noe mer enn jegere på jakt etter dem som leter etter et brød…!». NRK er tause.
Stikk på stikk
110525 Dagsrevyen: Al-Jazeera-journalist Hossam Shabat som døydde i eit israelsk droneåtak fordi Israel meinte han var Hamas-mann, får eit stort oppslag. Det vart vist eit brev frå han som skulle lesast opp viss han vart drepen. Der skreiv han at han hadde uthalde svolt i månadsvis, sove på fortau m.m. for å tene sitt folk. Det var ypparleg PR-arbeid av Hamas å få dette offentleggjort utan kritiske blikk. Filmklippa syner ein frisk og fin kar som køyrer rundt i bil med andre unge menn og et mat sendt med av mora. Dette skjer i eit Gaza der NRK og alle hjelpeorganisasjonar fortel at alt manglar. Kven har da bilar, mat og drivstoff der?
18/190925 NTB/TT/TV2: Representanter for Thunbergs konvoi og organisasjonen bak, Global Sumud Flotilla, var i mange møte med Hamas, PFLP og Islamsk Jihad seinast i sommar. Melde NRK om dette?
230925 Dagsrevyen: Ein komité under FNs menneskerettsråd (UNHRC) bad FIFA/UEFA utestenge Israel frå internasjonal fotball. J. P. Saltvedt, NRK, karakteriserte UNHRC som «det mest anerkjente på verdensbasis» når det gjeld menneskerettar. Dette ‘anerkjente’ FN-organet har vedtatt fleire resolusjonar mot Israel enn mot Iran, Cuba, Nord-Korea og Venezuela til saman. Medlemslanda sept. -25 var m.a. Algerie, Bangladesh, Kina, Cuba, DR Kongo, Kirgisistan, Qatar, Sør-Afrika, Sudan og andre lysande menneskeretts-fyrtårn (+ nokre gode demokrati).
081025 Dagsrevyen: Programvertane opplyser «Samtidig fortsetter angrepene mot Gaza by.» «Imens fortsetter bombene å ramme palestinerne i Gaza.» Wolasmal fortel om det israelske bomberegnet. Ingen av dei nemner korfor: Dagen før, på 2-årsdagen for Hamas sitt valdsame åtak mot Israel, fann Hamas det opportunt å sende nye rakettar inn i Israel – igjen på Yom Kippur, jødane sin mest heilage dag. Internasjonale medium, t.d. britiske The Telegraph, melde om dette, men NRK er ikkje interessert.
231225 Dagsrevyen: Opplesar Ida Creed seier at vinteren har kome i Gaza, og at fleire små barn skal ha døydd av kulda. Lindis Hurum er igjen på farten og fortel om dei kalde forholda. Internasjonale vêrrapportar fortel derimot om makstemperaturar på +18 til +24 og nattetemperatur på +10 dei siste ti dagane før innslaget. Berre éin av dagane hadde regnbyger. Same ‘kulde’ har fortsett etter nyttår.
Israel angrip i Libanon og Syria
301225 NRK TV Nyhetsåret 2025 Wolasmal + 030125 NRK Nyheter kl.9.00: Reporter Magnus Vattekar Sandvoll: Israel bryt heile tida våpenkvilavtalene med Hamas i Gaza og Hizbollah i Libanon. Derimot unnlèt han å fortelja om brota til motparten. Hamas kjem jamt med nålestikksåtak (sjå 081025 over) medan Hizbollah enno er til stades sør for Litani-elva og byggjer seg opp (sjå neste pkt.). Båe nektar avvæpning som avtalene tilseier.
070126 al-Jadeed TV, Libanon/OSINTWarfare/msn.com : Foto lekka av den libanesiske hæren syner funn av stort Hizbollah-våpenlager mellom Kafra og Seddikin godt sør for Litani-elva med droner, rakettar og ammo. Høyrt noko frå NRK om dette?
070126 NRK nyheterkl.13.20: Wolasmal fortel enda ein gong at Israel heile tida angrip i Syria, men seier ingenting om amerikansk-jordanske åtak ved Palmyra saman med britisk-franske flyåtak mot syrisk territorium. Han nemner ikkje dei mange militsgruppene sin aktivitet, inklusive IS og Al-Qaida, og gjentek vidare at Israel okkuperer syrisk område, men som vanleg ingenting om Tyrkia sin okkupasjon i Nord-Syria.
020326 NRK Dagsrevyen: Wolasmal fortel om over 1000 israelske brot på siste våpenkvileavtale med Hizbollah, men nemner ikkje Hizbollah sine mange brot (sjå f.eks. 070126 over), berre det som framprovoserte dei siste motåtaka frå Israel. Likevel skal han ha ros for å fortelja at folket i Libanon er ‘forbanna’ på Hizbollah for situasjonen no. Dét er sjeldan NRK-kost.
Demonstrasjonar
110525 Dagsrevyen: Ein stor pro-israelsk demonstrasjon i Oslo med stortingsrepresentantar, partileiarar og minst 4-500 deltakarar blir ikkje nemnd. Ein drepen journalist i Gaza får derimot eitt av hovudoppslaga. (Jf. 110525 over.)
180525 Helgemorgen, Linda Marie Vedeler, MelodiGrandPrix-reporter, Basel: «Det var store demonstrasjoner i nede i sentrum. Det var jo en pro-palestinademonstrasjon på inntil 100 personer, kanskje flere også…»
260525 Dagsrevyen: Eitt av hovudoppslaga er demonstrasjon med 10 palestinaaktivistar i Finansdepartementet og 12-15 utanfor. Somme er maskerte. Dei har banner med Palestinakomiteen sin logo der Israel er utsletta av kartet. NRK problematiserer som vanleg ikkje dette og gir igjen plass til ein pro-palestinademonstrasjon sjølv om han er liten.
Folkemord
230825 Helgemorgen: FN sin tidlegare spesialkoordinator i Midt-Austen, Tor Wennesland, var svært tydeleg i å beskrive Hamas sitt kyniske spel med eiga sivilbefolkning frå dag éin for å svekkje Israel sitt rennomé. Han kallar det «den ytterste form for moralsk kynisme». Programleiar A. E. Tønseth skal ha ros får å spørja om Hamas, for dét er sjeldan i NRK. Dessverre konfronterer han verken utanriksminister Barth Eide eller J. Haldorsen frå Raude Kors med dette i same sending, og Odd Karsten Tveit får utan motstand konstatere at Israel utfører folkemord.
181125 NRK Debatten: Falkenberg Mikkelsen nekta å beklage bruken av resolusjonen frå IAGS som påstår at Israel utfører folkemord i Gaza. Dagbladet la seg derimot flate og beklaga. I denne organisasjonen av folkemordekspertar kan kven som helst bli medlem for 30 USD. M.a. står A. Hitler oppført som medlem. Dei har elles fleire titals medlemmer frå Irak…
090126 Dagsrevyen: Jamt får intervjuobjekt uimotsagt bruke folkemord om Israel, seinast ved SV si valkampevaluering (Steinar Nørstebø) og Mari Boine før Palestina-konsert 240126 i Lørdagsrevyen.
Tydelegaste påtale av dette har ikkje kome frå NRK, men frå Erna Solberg overfor Wolasmal(010925, ‘Yama utfordrer’): Solberg irettesette stjernejournalisten og underviste han i bruken av omgrepet: «Vi slenger ikke rundt oss med den type begreper!»
Sør-Afrika har levert folkemordanklage mot Israel til ICJ, grundig dekt av NRK. Men har NRK informert om at 2 md. før møtte den sør-afrikanske ministeren Naledi Pandor Irans president og utanriksminister (okt.-23)? Eller at i jan.-24 var konkurstruga ANC brått ute av si penge-krise? Eller at Sør-Afrika og Hamas alt i 2015 skreiv under ei intensjonsavtale der Sør-Afrika forpliktar seg til å støtte Hamas?
130126 NRK Ekko: Ein ekspert introdusert som ‘imperie-historikar’, Jonas Fossli Gjersø, får utfalde seg om den utanrikspolitiske situasjonen. Han får uimotsagt framføre dette: «Det er to kolonikriger som foregår i disse dager: I Ukraina med russisk imperialisme, men også da i Palestina med den vestlige imperialismen hvor man da bryter folkeretten ganske tydelig.» Israel er i eksperten si verd resultat av vestleg kolonialisme. Programleiar Jean Christine Cena har ikkje kunnskapen eller motet til utfordre ‘imperie-historikaren’, eller ho vart så forfjamsa at ho mista munn og mæle. Kunne ho ha spurt Gjersø om Erdogan sine ny-ottomanske ambisjonar? Om Iran sitt vide nettverk like til Venezuela og med krigføring via proxyar?
310126 Dagsrevyen: Sissel Wold fortel om nye åtak frå Israel med tapstal frå ‘Gazas helsemyndigheter’. Kven er dét, forresten? NRK har ingenting om ein ev. årsak til åtaka. Spørsmålet er korfor vi må gå til BBC World Service for å få bakgrunnen: Dei fortel same dag at ei gruppe Hamas-krigarar dukka opp av ein tunell, og det vart kampar.
På bakgrunn av mønsteret vi ser over, er spørsmålet om NRK sine vinklingar og utelatingar medverkar til å skapa ein opinion som gjer det farleg å gå med jødiske symbol, og der vi les «Hitler started it. We finished it.» på Furuset T-banestasjon. Det ser ut til at statskringkastaren bør koste på seg eit par ekstra rundar med kjeldekritikk og interndrøfting for å unngå dei grellaste eksempla på feilformidling.
I haustkampanjen frå redaktørstyrte media heiter det: «Det er lett å bli lurt. Og det er lurt å være litt kritisk.» Viktige NRK må passe seg så dei ikkje møter seg sjølv i døra.









