Innledning
Av Trond Thorsen
Notatet under, som i hovudsak inneheld registreringar i tidsrommet desember 2023 til mars 2024 av NRK si rapportering i samband med Israel-Hamaskrigen, vart sendt til Kringkastingsrådet i håp om ei drøfting av sakskomplekset der. Notatet fekk faktisk eit saksnummer (KRA0029236), og beskjeden var at det skulle behandlast av rådet 18. april.
Kva skjedde så i møtet der notatet stod på sakslista? Dokumentet vart putta ned i ein stor sekk med påskrifta ‘positive og negative reaksjonar på NRK si dekning av Gaza-krigen’. Deretter forklarte NRK sin utanrikssjef, Falkenberg Mikkelsen, korleis NRK jobbar, og alle som tok ordet, takka utanrikssjefen for ei flott utgreiing. Det var det.
Her er notatet (som kunne ha vore atskilleg lengre):
Frå ros til uro
Av Trond Thorsen (med bare mindre endringer fra slik det først ble sendt til Kringkastingsrådet)
Eg sende 16. oktober 2023 ros til NRK for ei balansert dekning av Hamas/Israel-konflikten der faktisk også israelske lidingar og synspunkt vart presenterte. Inntrykket har etter kvart endra seg mot at allmennkringkastaren sitt mantra ser ut til å vera «Ingen god dag utan dårleg nytt om Israel».
Eg skal belyse dette ut frå ein smule eiga erfaring innan journalistikk og deretter koma med innspel til Kringkastingsrådet om tema til drøfting. Sjå slutten av notatet!
Mikrofonstativ / mangel på kritiske motspørsmål
Redaktør Knut Magnus Berge (NRK) uttrykkjer, som rimeleg er, stor skepsis til å sende Tucker Carlson-intervjuet med Putin. Grunnen var at Carlson fungerte meir som mikrofonstativ for Putin.
Men – korfor har ikkje dei same bekymringane gjort seg gjeldande i Palestina-konflikten? Etter lovande takter i den innleiande fasen av krigen har eg ikkje registrert eitt einaste kritisk motspørsmål frå NRK sine journalistar i alt frå tunge, faglege innslag til lett underhaldning om Hamas sine opplagte folkerettsbrot og deira rolle i konflikten.
1. Dette er mønsteret når statskanalen gjentekne gonger har gitt mikrofonstativet til ‘Leger uten grenser’ sin generalsekretær Lindis Hurum som utan motspørsmål får forkynne sitt raseri mot Israel sine påståtte folkerettsbrot, f.eks. 250224. Hurum og bistandsminister Tvinnereim får leggje fram sitt syn utan éi motførestilling frå programleiar Arne Egil Tønseth. Inntrykket er dermed at Israel slåst mot sivile og at Hamas ikkje er til stades og slett ikkje gjer noko feil.
2. Det same gjeld Morten Rostrup frå same organisasjon som uimotsagt får forkynne at Israel driv med folkemord i Gaza. Seinast I Nyheitsmorgon 210224 får han uimotsagt antyde at Israel bruker øydelegging av helseinfrastruktur som våpen. Kunne NRK spurt om det befann seg væpna Hamas-folk der?
3. … intervju med Maria Bergmann, UNICEF same dato.
4. … fredagspanelet 160224 der Susanne Kaluza uimotsagt får slå fast at Israel driv med massedrap av barn i Gaza.
5. Espen Barth Eide får gong etter gong uttrykkje kor forkasteleg Israel oppfører seg og påpeiker stadige folkerettsbrot frå Israel. Ingen spørsmål om Hamas si rolle.
6. Jon Peder Egenes, Amnesty, får i eit stort innslag 220224 uttale seg om kanskje fire angrep som ser ut til å ikkje kunne knytast til Hamas. Eitt av angrepa kan kanskje sporast til eitt målstyrt missil, uttaler han. Mykje usikkert som blir tatt som faktum. I tillegg klager han på at Israel ikkje slepper inn uavhengige journalistar. Sjølv byggjer han på info frå folk som jobbar under Hamas-kontroll… Ikkje eitt kritisk oppfølgingsspørsmål blir stilt frå NRKs Chatan Rastogi. (Jf. NRK-artikkelen 12.mai 2021 om lokalt tilsett i norsk hjelpeorganisasjon som meinte at Israel ikkje prøvde å ramme sivile. Dette måtte fjernast pga. dødstruslar mot vedkomande.)
7. Dagsrevyen 270224: Jan Egeland, generalsekretær Flyktningehjelpen, beskriv kor forferdeleg situasjonen er i Gaza, men igjen – Hamas er ikkje nemnt med eitt ord, ikkje eitt kritisk spørsmål frå NRK om kva Hamas kunne ha gjort mens Egypt, USA og særleg Israel, får sine pass påskrivne. Egeland beskriv kø på 5-600 lastbilar med nødhjelp på utsida av Gaza og spør korfor dei ikkje blir sloppe inn (implisitt: …av israelarane). Faktum er at desse trailerane er kontrollerte og godkjende av Israel. Det er heilt andre grunnar til at dei står der. Korfor gjer ikkje NRK research-jobben?
8. NRK brukte professor i Midtøsten-studier ved UiO, Bjørn Olav Utvik, som presumtivt nøytral ekspert på denne krisa. Denne eksperten har på Facebook trykt ‘Liker’ på eit innlegg frå ein viss Peder Martin Lysestøl som 8. okt. 2023(!) skreiv: «Vi er imponert over dyktigheten og motet til Hamas-soldater og andre som nå lykkes med å gi den sionistiske okkupanten et nederlag.»
Eksempel på relevante spørsmål som NRK-journalistane alltid unngår i samtlege av desse innslaga:
Kva er beskjeden din til Hamas som opptrer væpna i sivile klede i strid med alle konvensjonar?
Korfor finn Hamas det føremålstenleg å gøyme seg blant sine sivile borgarar? Kan dette vera eit brot på internasjonale konvensjonar?
Korfor finn Israel det nødvendig å angripe sivile område/institusjonar inkludert sjukehus når dei veit at heile verda vil fordømme dei?
Kva meiner du om at Hamas sidan 2005 har sendt +/- 50.000 rakettar mot sivile mål i Israel? Kan det vera eit brot på internasjonal lov?
Kor mykje kan me stole på tala og reportasjane frå Hamaskontrollert område? (Jf. fadesen med Al Ahli-sjukehuset.)
Bortforklaringar/ triksing med fakta
9. NRKs Yama Wolasmal gjorde eit skup da han fekk intervjue Hamasleiaren Osama Hamdan. Hamdan blir til slutt tvungen til å medgje at Hamas ikkje vil godkjenne eksistensen av Israel – klart og tydeleg. Reine ord for pengane. Han blir rosverdig køyrt til veggs av ein dyktig NRK-mann.
Deretter skjer noko heilt uhøyrt: Wolasmal finn det i eit eige innslag etterpå nødvendig å dementere Hamas-leiaren og glatte over meiningane hans. Kor er dømmekrafta til journalisten og til ansvarleg redaktør? Riktignok er det noko i journalistikken som heiter å beskytte folk mot seg sjølv når følgjene av eigne fråsegner ikkje blir forstått, men Hamas har veldig tydeleg klargjort sine mål skriftleg og munnleg.
(Jf. Også intervju med Hamas-toppen Ghazi Hamad i libanesisk media 241023: « Israel er et land som ikke har noen plass i vårt land. Vi må fjerne dette landet…»)
Nokre dagar seinare intervjuar Wolasmal ein kvinneleg leiar for israelske busettarar med ekstreme meiningar. Da finn han det ikkje nødvendig å justere inntrykket.
Det er synd at denne ypparlege journalisten får lov til å blamere seg slik.
10. Wolasmal presterte i midten av januar d.å. også å gje Israel skulda for åtaka mellom Iran og Pakistan. Min pakistanske heimelsmann med direkte kontakt med pakistanske frilansjournalistar fortel ei heilt anna historie. Her verkar det som Wolasmal og NRK synsar ut frå rein refleks og ikkje research.
Oppmodinga her må vera å gjera ein journalistisk jobb!
11. Dagsrevyen har 010124 eit innslag om den miserable nyttårsfeiringa for krigsramma palestinarar. Innslaget inneheld ein kort sekvens med rakettar der inntrykket som blir skapt, er angrep på Gaza. Det er tydeleg feil då åtvaringane i klippet kjem på hebraisk, ikkje arabisk! Dette er Hamas-rakettar på veg mot Israel.
12. I ein reportasje om preses Fykse Tveit i Betlehem fortel S. Wold at det har vorte færre kristne under Israels okkupasjon; implisitt er Israel skuld i dette også. Mine kontaktar fortel om ein heilt annan grunn.
Har ikkje Wold og NRK fått med seg at dette er ein trend over heile Midt-Austen av heilt andre grunnar enn jødane?
Tveit er til stades i ei gudsteneste der eit 20-tals deltakarar er med. Dette skjer i ein by der eit beskjedent anslag på kristne ligg på ca. 8000. Kunne det vera ein tanke å drive litt journalsitikk på korfor så få møter opp i ei kyrkje der Jesus-barnet er lagt i ei ruinrøys sveipt i eit Palestina-skjerf?
13. I desember 2023 viser Dagsrevyen ei bestemor i Gaza som ynkar seg over sitt døde barnebarn. Dette er dramatisk og hjarteskjerande. MEN: Ei tydeleg oppmikka bestemor med ‘mygg’ og litt for synleg leidning tyder på at dette langt frå er eit spontant augeblikksbilete. Er det riktig av NRK ukritisk å formidle eit klipp som ber så klart preg av iscenesetting frå Hamaskontrollert område?
14. I ‘Debatten’ 010224 om næringslivsboikott av Israel presterer NRK å tromme saman 8 debattantar som var meir eller mindre kritiske til Israel og berre éin pro-israelsk debattant.
Underrapportering / bortveljing av relevanta fakta
15. Det mest grunnleggjande grepet i journalishandboka for å skapa sympati, å vise barn som lir og blir lemlesta, blir ofte praktisert av NRK i innslaga frå Gaza. Dét er på sin plass.
Dette blir derimot grelt når…
«Supernova: The Music Festival Massacre» så langt har blitt møtt med motvilje av NRK til visning med ei merkeleg grunngjeving (m.a.: ‘dokumentaren tilfører heller ikke særlig ny informasjon som ikke er presentert i nyheter og presse tidligere.’ Jf. NRK sine daglege reportasjar om elendet i Gaza).Sveriges Television og Danmarks Radio har som kjent utan nøling sikra seg rettane til å sende filmen.
16. Sidsel Wold intervjua 180224 den israelske journalisten Anat Saragusti som hevdar at israelske medier ikkje dekkjer lidingane i Gaza godt nok. Også i ein stort oppslått artikkel 030324 på nrk.no blir dette gjengitt.
Samtidig blir arbeidsforholda for journalistar i Hamas-/PLO-kontrollerte område aldri problematisert på anna vis enn at Israel gjer det livsfarleg. Hamas er tydelegvis ikkje nokon fare for pressefridomen.
Alle opplysningar inne frå Gaza-stripa blir tatt for god fisk og ukritisk presenterte som fakta. (Jf. den til no ikkje beklaga Al Ahli-sjukehus-flausa).
Dette skjer altså også samtidig med at NRK, som i utgangspunktet ikkje ville vise filmen om redslane frå musikkfestivalen Supernova 7.oktober, så godt som dagleg kjem med skildringar av krigsramma palestinarar levert av lokale journalistar i Hamas-kontrollert område….
17. New York Times har i ei omfattande undersøking offentleggjort i artikkelen ‘Screams without words’ vist omfanget av Hamas sine seksuelle overgrep mot kvinner 7.okt. NRK fortel oss svært lite om dette.
18. TV2 valde i desember 2023 prisverdig nok å vise eit klipp av ei kvinne i Gaza. Ho uttalte at ho skulle seia det som ingen andre i Gaza våger å fortelja: Hamas øydelegg alt for folk her.
Heller ikkje NRK vågde… Noko slikt skulle tydelegvis ikkje tilflyte det norske folk. Klippet er aldri observert i statskringkastaren.
19. Nethanyahu sin motstand mot ei 2-statsløysing vart slått stort opp mens palestinarane sitt nei til det same aldri har vorte omtala. Sjå svært klare fråsegner i PLO-charteret og i både nytt og gammalt Hamas-charter og dei mange fråsegner frå Hamasleiarar etter 071023!
Jf. eksempelvis avslaget på Ehud Olmert sin ekstremt imøtekomande plan av 2008 som aldri blir nemnt. Korleis kan NRK neglisjere desse kjensgjerningane?
20. Slagordet ‘From the river to the sea, Palestine will be free’ blir det heller aldri stilt spørsmål ved. (PLO-charteret seier tydeleg at Palestina er udeleleg, arabisk land.)
21. Alle framlegg til to-statsløysingar er avviste av palestinarane (1937, 1939, 1947, 1967, 2001, 2008, 2014, 2018). Dette er aldri nemnt av NRK.
22. Den norske Palestinakomitén sin logo der Israel er utsletta, har aldri vorte nemnt eller problematisert.
23. Det er knapt registrert forsøk på analyse av korfor Israel går til handlingar som dei veit fører til massiv kritikk frå heile verda.
NRK får det til å høyrest ut som om Israel ikkje har ein væpna motpart.
24. Hamas-topp Ghazi Hamad seier at 7.okt. skal skje om igjen og om igjen inntil Israel er utsletta. Dette får ikkje NRK sine lyttarar høyre mykje om.
25. Kommunikasjonssenteret til Hamas som vart oppdaga under UNRWA sitt hovudkvarter er så langt me har registrert, ikkje kommentert av NRK. (Jf. Wall Street Journal, Reuters.)
26. Tal på skadde og døde palestinarar kjem ofte direkte frå Hamasadministrasjonen og blir servert utan atterhald. Vidare blir det aldri nemnt at talet også inneheld drepne Hamassoldatar.
27. Fleire hundre tusen israelarar er også evakuerte både i nord (Hizbollah) og sør, men dette blir knapt nemnt.
28. Hamasflagg i pro-Palestinademonstrasjonar i Oslo blir det ikkje retta søkelys mot. Det same gjeld roping av trugsmålet «Khaibar», veggskribleriar på t-banen i Oslo: «Hitler begynte det, vi skal fullføre det!»
Heller ikkje nedriving av jødiske symbol i Oslo blir tatt opp, langt mindre at folk får tilrop som «sionist-svin» om dei kjem med pro-israelske ytringar.
29. ‘Prøveballongar’ frå Palestina-aktivistar om registrering av sionistar/jødar/sympatisørar med Israel blir ikkje problematisert. Palestina-aktivistane samanliknar dette med lister over pedofile, jf. Payam Afshar.
Det heslege udyret dukkar opp igjen, men NRK er tause.
30. NRK har aldri problematisert at kongen ikkje fekk lov av regjeringa til å kondolere Israel etter 7.oktober samtidig som kronprinsesse Mette Marit vart brukt for alt det var verdt under Egypt-besøket sitt av den same regjeringa til å uttrykke medkjensle og empati for krigsoffera i Gaza.
31. Sidsel Wold kritiserer 100124 ymse ministrar i Israel si regjering for farleg språk. Dette oppmodar busettarane på Vestbredda til å utøve vald, forkynte ho.
NRK har knapt omtala den ekstreme ordbruken som kjem frå Hamas og PLO i alt frå skulebøker, palestinske media, moské-preiker, leiarskapets fråsegner til chartera frå begge organsisasjonar. Den som bruker tid på å setja seg inn i dette, vil bli sjokkert.
NRK har ikkje gjort det. Det har derimot EU med fleire.
32. Takk til programleiar Arne Egil Tønseth som i Helgemorgen 6. april minner palestina-aktivist Nilofar Anwar på at Israel faktisk ikkje er dømt for folkemord. Men Tønseth slepper ein ‘storfangst’ av kroken når Erik Fosse, dagleg leiar i NORWAC kjem med ei aldri så lita bombe om øydeleggingane på Al Shifa-sjukehuset: «Dels var det jo krigshandlinger der…». Det er jo verkeleg ein sensasjon at Fosse implisitt medgir at Hamas var til stades der. Dette er ein durabel glipp, men ekstra interessant når det kom frå ein så prominent representant for palestina-sympatisørane. Denne sensasjonelle opplysninga har jo tidlegare vore stempla som israelsk propaganda. Krigshandlingane foregikk neppe mellom israelearane og væpna medisinsk personell eller sivile? Dette ville jo også vera brot på internasjonale konvensjonar.
Her glapp storfisken mellom fingrane på den elles dyktige Tønseth.
33. NRKs korrespondent i Israel, Åse Marit Befring, blir i Helgemorgen 6.april spurt av Arne Egil Tønseth
om Israel har nådd måla med invasjonen av Gaza. Svaret er ‘nei’ . Befring eksemplifiserer dette med bl.a. å opplyse at: «De (=Hamas) har også sendt raketter inn i Israel daglig…».
Den elles så dyktige Tønseth greier ikkje å ta tak i dette. Sender Hamas enno rakettar inn i Israel? Dette er jo rakettar sendt på ‘måfå’ stort sett mot sivile område i Israel med formål å drepa flest muleg. NRK er fullstendig tyste om dette.
På bakgrunn av punkta over ber eg Kringkastingsrådet diskutere følgjande 7 problemstillingar:
1. Har NRK makta å gje ei balansert framstilling av konflikten der begge partar blir behandla likt med tanke på nyheitstilfang, vinkling og bruk av ‘ekspertar’ etter 15.oktober 2023?
2. Utfører NRK god nok research/bakgrunnssjekk ved bruk av kjelder?
3. Utfordrar NRK klart nok framtredande Palestina-aktivistar om kva dei meiner om Israels rett til å eksistere som jødisk stat, det vera seg artistar som Magdi eller politikarar som Sneve Martinussen (Raudt), Bergstø (SV) eller aktivistar generelt som Marte Valle?
4. Har NRK sterkt nok fokus på dei klare antisemittiske haldningane som no i veksande grad kjem til overflata i det norske samfunnet?
5. Vurdér om statskringkastaren NRK har ein innverknad som opinionsdannar i Noreg og om NRK i så fall lar begge partar koma likeverdig til orde. (Jf. lista over.)
6. Vurdér om NRK spelar ei rolle i det faktum at norsk opinion no har utvikla seg mot å bli sett på som den mest Israels-fiendtlege (jøde-fiendtlege?) i Europa.
7. På bakgrunn av det mønsteret alle punkt i lista over teiknar, vurdér om NRK bedriv nøytral journalistikk eller det som må kunne karakteriserast som kampanjejournalistikk der innslag og nyhende blir selektert, vinkla og vekta ut frå sympati.
–
34. I forlenginga av pkt. 33: Det kunne kanskje vera på sin plass av NRK å nemne at Israel er ramma av ti-tusenar av rakettar, truleg opp mot 50.000, mot sivile mål sidan landet trekte seg ut av Gaza i 2005.
Kva med å setja dette opp mot folkemordanklagane mot Israel? ‘Folkemordet’ til Israel har vore ekstremt mislykka når verdas 5. sterkaste militærmakt med 6 månaders krigføring i eitt av verdas tettast befolka område ikkje har drepe fleire enn 33.000 menneske av totalt rundt 2,5 mill. Eit forskrekkeleg tal, ja, men fakta tyder vel ikkje på folkemord?
Anten er Israel verdas mest ineffektive militærmakt, eller så prøver Israel å skåne sivilbefolkninga. Ei sak for NRK?
–
Hva synes du om NRKs dekning? Var det riktig av Kringkastingsrådet og ignorere denne klagen? Skriv din mening i kommentarfeltet under.