Kjære Urix!
Som politisk langtidsinteressert, historikar og tidlegare folkevalt i 32 år, ser eg på Urix så ofte eg kan. Som oftast byggjer sendingane på klårlagde fakta og presenterer perspektiv som det er verdt å ta med seg. Eg brukar å stole på Urix.
Kva meininga med gårsdagens innslag om Israel skulle vera, anna enn å sleppe laus ein Israel-hatar med marxistisk analyse, er ikkje godt å skjøne. Det var jo eit fatalt opningsspørsmål frå programleiaren (avtalt?), som gav denne amerikanaren opning for å leggja i veg med alt det negative han kunne koma på om det fælslege landet Israel. Det var tydeleg at han var godt trent i denne oppramsinga. Det var akkurat slik eg høyrde AKP (m-l) talarane i Studentersamfundet dei åra eg var med der.
Det er svært skuffande at programleiaren ikkje gav ein slik demagog og fantast større intellektuell motstand.
Spørsmål 1: Kan mangelen på slik motstand skuldast at redaksjonen er grunnleggjande samd med den inviterte amerikanaren, og at det er gildt for programleiaren å sleppe fram meiningsfeller som kan gøymast bak eller løftast fram med sin akademiske status?
Spørsmål 2: Når kan me som ikkje-sosialistiske lisensbetalarar vente eit skikkeleg ideologisk oppgjer med ein eller annan palestinsk (eller norsk) hovudtalsmann, der han/ho blir konfrontert med den terroren, dei drapa, alle dei hundretals døde i barnearbeid i tunnelane frå Gaza, den hjernevasken arabiske born vert utsette for i barnehage og skule, den antisemittismen som er utvikla til kunst (med og utan samarbeidet med Hitler), den utryddinga av jødar som Hamas eksplisitt går inn for, etc. etc.?
Kort sagt: Når kjem den «balansen på sikt» som eg fekk høyre om alle dei åtte åra eg sjølv sat i Kringkastingsrådet, men som aldri kom?
I staden ser me at palestina-venene har det travelt med å betala ut statsbetalte prisar til kvarandre.
Beste helsing,
Hallgrim Berg