Israel og Ukraina

Bli medlem fra kun kr. 4 per uke

Voldtekten av Palestina.
Voldtekten av Palestina.

Gammal kunnskap i ny utgåve

Storverket Voldtekten av Palestina utgjeven først i 1938 er etter 80 år i gløymsla utgjeven på nytt.

LO har nettopp bekreftet at de vil utslette Israel og stempler landet som apartheidstat. Vis din protest og bli medlem av MIFF nå! Vipps 39881.

På eget initiativ har Jostein Sandsmark på Geilo skrevet bokanmeldelse av MIFFs nye bok Voldtekten av Palestina. Bestill boken ved å trykke her.

Eg reagerte på boktittelen – den må nå vera litt for krass? Men etter kvart som eg las, vart det klårt at tittelen var diverre altfor presis og dekkande.

Storbritannia si svikfulle handsaming av Palestinamandatet – som dei vart tildelt administrasjon av hjå Folkeforbundet – er skræmande lesnad.

Det var eit slit å koma gjennom alle dei 400 sidene med detaljerte skildringar av pur vondskap, overgrep, urettferd og terror.

Eg vart fysisk uvel av å få innsikt i den gjennomførte trakasseringa av jødesamfunnet. Skildringa av engelskmennene si utspekulerte, detaljstyrde plaging av jødane i Palestina – for slik å ivareta sine eigne politiske, territoriale og økonomiske interesser – i staden for tilrettelegging av den jødiske innvandringa til sitt tildelte «heimland» – er berre til å gråta over.

Den hjelpelause politikken dei jødiske leiarane sto for gjorde ikkje stoda og framdrifta til ein friplass for dei hundsa jødane noko betre.

Det er vondt å lesa korleis jødane let seg kua, lida urett – verta utestengde frå sitt rettmessige område og vera offer for ei engelskstøtta favorisering av arabisk aggresjon og valdsbruk.

Kva sit ein att med etter å ha lidd seg gjennom 400 sider med fiendsk framferd mot det jødiske folket – av dei som var sett til å administrera mandatområdet Palestina?

Ei sterk visse: Nok er nok. Uretten mot jødane kan aldri fullnøyande gjerast god att. Til det er det for mange graver og forpinte sjeler i alle land. Det me kan og bør gjera er å støtta, verna, forsvara israelsfolket mot den stadig levande antisemittismen og dehumaniseringa av jødane. Eg vil av all kraft hjelpa til med at folket blir anerkjent og respektert for det dei er – og for sin rett til å byggja og bu i deira eige land – fri frå trugsmål og åtak med verbale og fysiske våpen.

Ut frå einkvar ståstad er det flust av historiske og menneskelege motiv for å gjera vel mot eit hundsa og forpint folkeslag i den vesle fristaten dei endeleg har fått i si eige.

Har du kommentarer til artikkelen?

Vi vil veldig gjerne høre din mening!

Facebook
Twitter
Email
WhatsApp
0

Your Cart