Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai som fortsetter i stor fellesmarkering mot Israelhatet 12. mai.

Mange ønsker å ta knekken på Israel

Hallgrim Berg er aktiv i MIFF og tidligere stortingspolitiker for Høyre. (Foto: Ole Johs)
Sekretær i MIFF Hallingdal og tidligere stortingsrepresentant Hallgrim Berg reflekterer over krigen og mediedekningen.

Jødefolket er framleis gode å ha. Ikkje berre for det dei presterer innanfor vitskap, innovasjon, medisin, miljø og teknologi, – til glede for oss alle. Men òg for dei mange menneske (til dømes ein del arabiske) som går omkring, triste og bitre, i aust og vest, i konstant nederlagsstemning, og difor har bruk for ein syndebukk å skulde på for alt det dei sjølve ikkje har fått til eller oppnådd. Då er Israel god å ha.

¤

Spørsmål: Kva er felles for desse fem grupperingane ?

1) Antisemittar, evige fascistar og nazistar på høgre fløy og hardsette sosialistar og kommunistar på venstre fløy…

2) Anti-imperialistar, frå studentar og akademikarar som enno lever i opprørstradisjonen etter den revolusjonære 1968-generasjonen…

3) Anti-kapitalistar, med innebygt uvilje mot system og statar som gjer det betre økonomisk enn eigne ideologiske førebilete, og ikkje minst har uvilje og agg mot grupper og personar som i samfunnslivet er synlege spelarar på den andre banehalvdelen…

4) Islamistar/jihadistar, som ser seg sjølve og sin religion i overhøgd til andre folkeslag, som vil utrydde jødar/sionistar der dei kan, og som er ansvarlege for verdsomfattande terror og drap i mengder som ingen annan kraft i vårt hundreår…

5) Dominante journalist- og redaksjonsmiljø, som i radio, fjernsyn og presse formidlar verdisyn og politikk langt til venstre for det folket dei skal spegla…

Dei aller fleste av desse gjev til kjenne uvilje og hat mot Israel. Hat mot jødane og jødestaten, kapitalismen, USA og NATO. Manisk avundsjuke kjem på toppen.

¤

I den pågåande krigen i Gaza har me til fulle fått demonstrert kva mediemakt er. Israel fekk brei sympati etter at Hamas og andre islamistar gjekk til militært åtak 7. oktober i fjor, der 1200 uskuldige menneske vart massakrerte, fleire tusentals vart skadde og 245 tilfeldige vart kapra som gislar til utpressingsformål. Etter at Israel ville forsvara seg og innbyggjarane sine, og lyste krig og kamp mot islamo-fascistane i Hamas, snudde stemninga brått og radikalt i mange land. På ei veke vart medkjensle snudd til fordøming. Demonstrasjonar, om så i smått, fekk dekning ut over alle rimelege mål.

Gaza-krigen har illustrert til fulle korleis den norske folkeopinionen blir forma og knadd av media.

Kva NRK og TV 2, Klassekampen og VG, har gjeve av eigendekning frå striden eller fått seg servert frå NTB, eller gratisreportasjar med foto, film og klipp direkte frå Hamas sitt servicekontor, er eit studium verdt. Det samla inntrykket frå dei daglege dagsrevyar, med skakande scener og kjensleladde kommentarar – med repetisjonar morgon, middag og kveld – hadde vore meir akseptabelt, dersom det hadde vore eit snev av problematisering og nokolunde balanse i stoffet.

Men nei, dagen tek til med: «I natt er det drept xxx på Gaza-stripen, melder helsemyndighetene, og av disse er xxx barn og kvinner.» Fælt! Israel høyrest ut å ha som mål og glede å ville bombe sjukehus, skular og barnehagar. Ikkje eit positivt ord om IDF.

Vinkling og tolking av konflikten er einsretta negativ.

Aldri eit spørsmål om kor mange av «barna» som er 15-16-17-åringar, trena og fullt utstyrte som kampsoldatar. Heller ingen opplysningar til oss mediekonsumentar om at det historiske forholdet mellom døde i krigar (stridande vs. sivile) gjerne er om lag 1:10. I krigen på Gaza er talet nærare 1:2.

Heller ikkje eit ord til publikum om kor mange rakettar Hamas har fyra av mot sivile i Israel siste døgnet, eller totalt sidan 2006. Ikkje eit ord til opplysning om gislane, lagnaden og familien deira. Inga interesse for lidingar i eit land som forsvarar seg og står åleine mot reaksjonære regime og millionkrefter som vil ha jødane utrydda.

¤

I krigssituasjonar er det ein god regel å vera kritisk til begge partar. Ein må i utgangspunktet tale som vener og arbeide saman for gode løysingar.

Det avgjerande kontrollspørsmålet er: Kva slags menneskesyn og samfunnsmodell går partane inn for? Står dei i praksis for demokrati eller klanvelde og diktatur? Vil dei ha fridom og mangfald eller einsretting i religion og livssyn? Ytringsfridom eller sensur? Kvinnene ned i tvang og underkasting? Minoritetane? Og kva med frie media og frie val?

Svara på slike og liknande spørsmål gjer det lettare å finne ut kven av partane i Gaza som fortener sympatien og hjelp til å vinne.


Israel er under angrep fra Iran – vis din støtte nå!

  1. Bli medlem (fra kr. 4 per uke)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel. Vipps 39881
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.
Kategorier

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart