Olav Thon var en god og trofast venn av Israel og jødene. I 2009 avsluttet Olav Thon sitt samarbeide med Norges teknisk naturvitenskaplige universitet (NTNU) i protest mot et forslag om at NTNU skulle bedrive akademisk boikott av Israel. Den beslutningen står seg godt i lys av alle forslagene om akademisk boikott som stadig blir fremmet og noen ganger får gjennomslag. I 2015 gav Olav Thon Stiftelsen 2,5 millioner i forskningspris til den israelske professoren Yosef Shiloh. Olav Thon har så sent som i år gitt en ikke ubetydelig gave til Det Mosaiske Trossamfund – 5 millioner kroner.
Olav Thon var medlem av Med Israel for fred nesten helt fra starten i 1978 og fram til sin død. Det var både hyggelig og oppmuntrende. Det førte ikke til noen store gaver, men fikk tilbake på 1970- eller tidlig 1980-tall et hyggelig utslag. Olav Thon hadde mottatt regnskapet for MIFF Oslo og så at det gikk med underskudd på litt over tusen kroner. Det syntes han ikke at vi kunne ha noe av, så han sendte et tilsvarende beløp og dermed var resultatregnskapet i balanse. Det dreide seg ikke om mye penger. Men det viste en interesse for Israel og Israels sak i Norge som er både rørende og varmende, skriver Jan Benjamin Rødner, MIFFs første styreleder.
Her følger minneord av Hallgrim Berg, MIFF-medlemmet som kjente Olav Thon best. Berg har skrevet biografi om Olav Thon.
–
OLAV THON TIL MINNE
Ut frå alle fakta og tal har Olav Thon levert eit livsverk som ruvar.
Skuleguten tok til i det små som skysskar og med sal av julekort i heimbygda Vats i Ål; tenåringen opna under krigen eigen pelsforretning i Oslo; mannen kjøpte, foredla og leigde ut bygardar (etter kvart nær fem hundre eigedomar) til husvære, kontor, forretningar og servering; pensjonisten runda av karrieren med kjøp, bygging og drift av 90 hotell og 80 kjøpesenter. Då han sjølv runda nitti, hadde han sju tusen menneske på lønningslista og sette, år etter år, norsk rekord i betaling av skatt.
Livsfilosofien var at pengar ikkje skulle forbrukast, men forvaltast på aller beste måte. Dei skulle auka i verdi, men fyrst etter å ha vore ute i arbeid – skapt nye tiltak og lønsame arbeidsplassar.
Attåt arbeidsinnsatsen, med teft som mest alltid resulterte i økonomisk suksess, var Olav Thon ein stor filantrop. Han var ein sann, jovial menneskeven som ville at individ skulle få utfalda evnene sine til fulle. Samstundes hadde han sut og omsorg for uheldig stilte grupper og dei mange einskilde lagnader han møtte.
Det er sjeldsynt at ein forretningsdrivande gjev mest alt han eig, 26 milliardar, til humanitære og kulturelle formål. Olav Thon-stiftelsen prioriterer medisinsk forskning som kan løyse gåtene med muskel- og skjelettsjukdomar. – Kven veit, blir folk friske nok, kan dei kanskje koma seg ut att i skog og mark?
Sjølv hadde han gått lenger til fots og på ski enn dei aller fleste nordmenn, halvannan til to gonger rundt Ekvator. I friluft henta han energien.
Av all prestisjefylt heider, drysset av medaljar og utnemningar, var det to han heldt særleg gjæve: «T-gullmerket» frå Den norske turistforening og kåringa som «Århundrets halling» – det eine for nybygg og støtte til hytter og stigar i fjellheimen – det andre frå bygdefolket i dalen som i 1999 røysta han fram i lokalavisa Hallingdølen, der gamalt pirk og sjalusi var lagt til sides.
Som bymann gløymde han aldri slekt og vener i heimbygda. Han var tradisjonalist, heldt kulturverdiane frå heim og skule høgt i ære, og der livssyn og levereglar frå mor Margit og far Sevat alltid var med i tankane.
Olav Thon var såleis sparsam og nøgsam i livsførselen, lite interessert i luksus. Han hadde minste kontorpulten i heile konsernet. Og det var ikkje to timars lunsj, men eit kvarter med matpakke.
Kampen mot forseinkande, kostbart byråkrati var truleg det tyngste han sleit med. Nye prosjekt tapte ofte verdfull tid, og staten tapte inntekter. Som talar på Oslo Symposium i 2011 kom han inn på dette:
«Jeg har ikke annet budskap å frembringe enn at vi for all del ikke må tro at vi er noen personer som er så tafatte at vi skal stå og bukke og vente på at byråkratene skal fortelle hva vi skal gjøre.»
Olav Thon ville ha eit samfunn med kunnige, ansvarlege og sjølvstendige menneske. Han var sjølv ein uavhengig person som levde i samsvar med fornuft og hevdvunne prinsipp.
Signe minnet ditt, Olav!
Hallgrim Berg