KVIFOR REISE TIL ISRAEL?
I
samfunnsdebatten er det interessant å registrere dei bastante påstandane om
Israel, særleg frå folk som aldri har sett sin fot i landet. Det er ikkje måte
på den kritikken som Israel – og Israel åleine – stadig blir utsett for. Difor
er det viktig å få nordmenn til å besøke Israel. Dersom synspunkta i ordskiftet
ikkje byggjer på faktiske forhold, men på oppspinn og einsidig propaganda, kan både
debatten og demokratiet bli ein vits.
Mangfaldige interesser
Så spørs det kva ein turdeltakar er ute etter. Er det å få sjå og oppleva dei stadene som har leika i fantasien heilt sidan bibelsogetimane i skulen, Oljeberget, Getsemane, Golgata… Er det å dra på religiøs pilegrimstur, som dei baptistkvinnene frå Mississippi me møtte ein gong, der dei stod til knes i Genesaretsjøen, lykkelege og song salmar, time etter time? Eller er det interesse for historie og samfunn, å kunne gå rundt og «ta på» verdshistoria? Eller har du lyst til å lære noko om det moderne Israel, om leveforhold, økonomi, kultur, forskning, innovasjon og politikk? Eller er formålet å sole seg og bade?

Det er då me som reiseleiarar spør: Då dagens Israel kan by på det aller meste, kvifor ikkje kombinere desse mange ønskjemåla? Årets tur i regi av Plussreiser – i samarbeid med MIFF – hadde tittelen «Vårtur til Israel med hygge, nye impulser, større innsikt». I ettertid er det uendeleg med inntrykk frå eit rikhaldig 11-dagars program. Difor vil me her særleg nemne eit par innslag som var nye av året.
Ørken og
solenergi
3.april. Bussen køyrer sørover mot Negev-ørkenen og kibbutzen Sde Boker, til besøkssenteret der David Ben-Gurion budde, og der det utviklar seg ein by med stor vekst og framgang, universitet og forskningsstasjonar. Brått dukkar det opp ei enorm lyskule høgt oppi lufta, oppå ei skyhøg søyle, liknar på ei fabrikkpipe. Men ingen røyk. Skjønnar ingen ting!

På universitetet møter me professor David Faiman, som forklarar: – Det de såg, er eit kraftverk. – Kraftverk i lause lufta? – Ja, hadde de gått eit stykke bortover i terrenget, ville de ha sett 64.000 speglar som ligg på bakken, innstilte i vinkel slik at solrefleksane strålar mot den svære kula på toppen, og der den intense varmen driv generatorar som sender energien i straumkablar ut til hushaldningane i områda rundt. Huset mitt blir både oppvarma og nedkjølt døgnet rundt – sommar som vinter – med smart bruk av solenergi.

Vatn til vekst og velsigning
Men
skal ørkenen utviklast, må det til vatn. Ved Igudan, sør for Tel Aviv, blir
kloakk og utslagsvatn frå 23 kommunar og nær tre millionar menneske samla,
reinska og resirkulert, til glede for jordbruk, hagebruk og industri. Og, «raffinert» endå eit par rundar, vatn til
menneskeleg bruk, innvortes som utvortes, for etter eit års ventetid med langsam
filtrering gjennom førti meter djup ørkensand, kan innbyggarane nyte eit
produkt som er like klart og reint som bekken
oppunder Hallingskarvet.
Alt
dette blir ført sørover. Med vatn følgjer folk. Nordre Negev er i dag i ferd
med å bli sivilisert gjennom menneskeleg innovasjon og arbeidslyst.
Israel
er suverent verdsleiande på resirkulering av vatn, over 90 prosent, mot 20
prosent i Spania og 15 i USA. Dryppvassteknologien er på tilbod til jordbruk i
inntørka arabarland rundtom i Midtausten, men dei muslimske leiarane vil ikkje
handle med jødar.
Eventyret SodaStream
På vegen heim frå ørkenen denne dagen, og med vår eminente guide Jechel Porat i spissen, venter eit anna høgdepunkt i beduinerbyen Rahat; den nye SodaStream-fabrikken.
Mange nordmenn har investert i SodaStream, dette utstyret som enkelt lagar boblevatn tilsett med den smaken du sjølv vil ha. Eit par år sidan var det politisk BDS-kampanje for boikott av selskapet, fordi fabrikken låg på «okkupert land», og den palestina-arabiske arbeidsstokken på 800 mann vart visstnok utnytta på verste kapitalistiske vis, iflg. enkelte norske aviser.

Då fabrikken flytta frå «Vestbreidda» til Israel i 2016, hadde det ingen ting med presset frå kampanjen å gjera, seier direktør Daniel Birnbaum. Men selskapet var og er i snøgg vokster, og har måtta funne seg nye areal og bygt langt større lokalitetar i Israel. Etter flyttinga har talet på tilsette no nådd 2300. Av desse er sju hundre beduinar, mange av dei kvinner som ikkje tidlegare har vore ute blant andre folk, her er israelarar, drusarar, etiopiske jødar, kristne m.fl. Og dei mest dedikerte palestinarane frå gamlefabrikken er med på eventyret. Direktøren fortel at mange av dei har fått pendlarbustad nær fabrikken, her dei bur gjennom heile veka for å sleppe den tidkrevjande transporten kvar morgon og kveld gjennom sjekkpunkt ved grenseovergangane.

For oss besøkande framstår SodaStream som eit lite FN, eller som Daniel Birnbaum kallar det, «eit fredsparadis» med høgst ulike folkegrupper som arbeider side om side. Dei me snakka med, er tydeleg godt fornøgde med løn og sosiale ordningar.
Som
reiseleiarane har sett før, innan sport og idrett, musikk og dans, går
samarbeidet mellom jødar og arabarar fin-fint på grasrotplan, så lenge prestisjefylte politikarar og beinharde
islamistar held fingrane av fatet…
Opplevingar i kø
Og elles: Gardsturisme og vinsmaking på Golan-høgdene, Via Dolorosa og Vestmuren, Gravhagen, Yad Vashem og Israel Museum, Dødehavsrullane, grensevisitt ved Gaza, innblikk i antisemittisme og arabisk tenkemåte hos Palestinian Media Watch, Begin-senteret, veddeløpsbanen til Herodes, naturidyll i Caesarea ved havet og på Karmel-fjellet, dupp i Dødehavet og dukkert i Middelhavet…

Ikkje
å undrast at turismen i Israel når nye høgder, og dreg seg mot 5 millionar. Direktefly
frå Oslo, ny jernbane frå Tel Aviv til Jerusalem, moderne bytrikk i
hovudstaden, og ny internasjonal flyplass ved Eilat, gjer det stadig lettare å
dra til landet og ta seg lettvint fram. Året rundt. – God tur!
Helsing, reiseleiarane,
Mette Johanne Follestad og Hallgrim Berg











